Utdanningsforbundet Vang (i Oppland)
Utdanningsforbundet er den største fagforeininga for pedagogisk personale. Vi har medlemmar frå barnehage, grunnskule, vidaregåande, vaksenopplæring, PPT og i pensjonistanes rekker.
Utdanningsforbundet i Vang har kontordag på torsdagar, og kan da (som regel) treffast på kommunehuset. Som fagforeining jobbar vi både med det som har med tradisjonelt fagforeiningsarbeid å gjere (løn, vilkår, rettar); og med det profesjonsfaglege (profesjonsetikk og utdaningspolitikk).
Frå og med august 2025 sit desse i styret for Utdanningsforbundet Vang:
Leiar: Knut Lerhol
Nestleiar: Haakon Wahlquist
Styremedlem: Sara Strøm Stasviken
Styremedlem: Helge Strøm
Styremedlem: Siv Tone Drevsjømoen Børve
I tillegg har vi viktige arbeidsplasstillitsvalde (ATVar) på kvar avdeling:
Høre barnehage: Anette Odden Tvenge
Fredheim barnehage: Sara Strøm Stasviken
Vang barne- og ungdomsskule: Ingrid Asheim Hennum
Læringssenteret: Siv Tone Drevsjømoen Børve