Valdreskvelven spel- og dansarlag
Valdreskvelven spel- og dansarlag er eit lokallag for folkemusikk og folkedans i Vang i Valdres. Spelemannslaget vart stifta på Ølken i Vestre Slidre i 1962. Det vart spel- og dansarlag frå 1983. I laget finst breid kompetanse innan folkemusikk og folkedans. Kulturskulen underviser i langeleik og tradisjonssang. Spelgruppa har øvingar kvar 14. dag. Dansekveldar og kurs arrangerast vår og haust, både for vaksne og ungar. I Valdreskappleiken og Strunkeveko er lokallaget representert.