Møteplass
Kyrkja i Vang
Kyrkja i Vang skal vere eit fellesskap for alle, i daglegliv og høgtid, sorg og glede.
Frå babysong til etter konfirmasjonen har vi mange varierte aktivitetar gjennom heile året.
Gudstenestene er pulsslaga i kyrkja, og nesten kvar søndag heile året er det gudsteneste i ei av kyrkjene våre, og med dåp ganske ofte.
På Drengestøga/Vangsheimen er det babysong ca. 1 gong i månaden gjennom året, unnateke juli måned. Her møtas store og små til song, kos og lek, og dessutan ein kaffi og noko godt attåt.
Onsdagskafeen er open kvar veke gjennom året, unnateke om sommaren og i høgtidene. Der kan du starte ein gåtur ilag med andre før kaffien. Ca. ein onsdag i månaden er det morgonsong i Vang kyrkje, som du kan få med deg før kafeen opnar.
Enkelte dagar i løpet av året held me kyrkjerommet open for dei som ønskjer ein tur inn, dette er gjerne i samband med påske, pinse og verdsdagen for psykisk helse på hausten. Datoene for dette finn du her på foreningsportalen, facebook-sida vår og heimesida vår.
Om summaren er det moglegheit for omvisning i Høre og Øye stavkyrkje og i tillegg held med ofte St. Tomaskyrkja open på søndagane i juli, av og til med moglegheit for drop-in dåp om ein skulle ønskje dette.
Soknepresten har kontor i Drengestøga. Organist og kyrkjelydsarbeidar held også til her. Kyrkjeverja har kontorplass på kyrkjekontoret som held til i lokale under banken.
Følg oss gjerne på facebook: "Kyrkja i Vang" og på nettsida vår: www.kyrkja.no/Vang. Her finn du gudsteneslista, dato for planlagde aktivitetar og tiltak, og dessutan anna informasjon.
Håper me ser deg!
Velkomen!
Kalender(viser inntil 20 oppføringer
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| 17.10.2026 | 15:00 | Laurdagsmatiné | Heensåsen kyrkje |
| 18.10.2026 | 11:00 | Gudsteneste med nattverd & 6-årsbok | Høre Stavkyrkje |
| 20.10.2026 | 19:00 | Kveldsmesse og kyrkjekaffi | Heensåsen kyrkje |
| 23.10.2026 | 19:00 | Bingo | Høre samfunnshus |
| 23.10.2026 | 19:00 | Konsert med bandet Real Ones | Heensåsen kyrkje |
| 27.10.2026 | 10:00 | Babysong i Drengestøga | Drenge |
| 01.11.2026 | 19:00 | Minnegudsteneste | Øye kyrkje |
| 03.11.2026 | 19:00 | Kveldsmesse | Vang kyrkje |
| 08.11.2026 | 19:00 | Kveldsmesse | Høre stavkyrkje |
| 11.11.2026 | 10:30 | Morgonsong | Vang kyrkje |
| 11.11.2026 | 13:00 | Andakt | Vangsheimen |
| 15.11.2026 | 11:00 | Gudsteneste med nattverd og kyrkjekaffi | Heensåsen kyrkje |
| 29.11.2026 | 11:00 | Gudsteneste m/ nattverd & Lys-Vaken gjengen | Vang kyrkje |
| 01.12.2026 | 16:30 | Julegraut og Julegrantenning | Drengestøga |
| 05.12.2026 | 18:30 | Julekonsert: Jul med Valdresmål og Meining | Vang Kyrkje |
| 06.12.2026 | 11:00 | Adventgudsteneste med nattverd & kyrkjekaffi | Heensåsen kyrkje |
| 09.12.2026 | 10:30 | Morgonsong | Vang kyrkje |
| 09.12.2026 | 13:00 | Andakt | Vangsheimen |
| 13.12.2026 | 19:00 | Lysmesse med konfirmantane | Øye kyrkje |
| 15.12.2026 | 10:00 | Babysong i Drengestøga | Drengestøga |