Vang folkebibliotek
Biblioteket kan og skal vere så mangt, det er ein teneste og ein plass for alle som er i Vang. Ei viktig oppgåve for folkebiblioteka er å vere ein møteplass. Her er alle velkomne, og utover normal folkeskikk og bruk av innestemme, så krevst det ikkje mykje av deg når du er hjå oss. Du kan kome og skravle, lese aviser, låne bøker, bruke pc, skrive ut og skanne, få hjelp til forskjellig på internett, spele brettspel, eller berre nyte utsikten.
Vi er to fast tilsette på biblioteket no; Marianne Riste i 100% som biblioteksjef og Silje Skogheim 80% som bibliotekar. Også er vi heldige og har med oss nokre gode hjelparar. Saman lagar vi mindre og større tilstellingar for vangsgjeldingane, alt frå dagsaktuelle bokutstillingar til litterære og kulturelle arrangement. Du må gjerne kome med ønsker om bøker og anna som vi kan kjøpe inn, eller forslag til arrangement!
Kalender(viser inntil 20 oppføringer
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| 02.12.2026 | 19:00 | Bokkveld med utdelinga av positivpris | Vang folkebibliotek |
| 09.12.2026 | 19:00 | Lesesirkel ope for alle | Vang folkebibliotek |
| 14.12.2026 | 13:00 | Høgtlesing på Seniortreff | Vangsheimen |
| 17.12.2026 | 19:00 | Kviss på biblioteket #15 | Vang folkebibliotek |
| 20.02.2027 | 14:00 | Torstein Bae kjem - stram opp sjakkmusklane! | Vang folkebibliotek |