Bergulv Motorsykkel Forening
MotorCa 15 medlemmer frå Jevnaker og til Vang. Samlast ein gong i veka, i lokala i kjeller på Vang kro. På sumartid kjører i lag på treff.
Start | Kalender | Foreninger | Bedrifter |
Ca 15 medlemmer frå Jevnaker og til Vang. Samlast ein gong i veka, i lokala i kjeller på Vang kro. På sumartid kjører i lag på treff.
I BUA kan du låne masse utstyr til friluftsliv, leik og idrett - heilt gratis!
Kino på enkelte fredagar kl 17.30 og 19.30 i Auditorium på Vang barne- og ungdomsskule. Bygdekinoen.no er den som køyrer kino.
Bøaflatad'n Vel ble stiftet 01.11.2001 og i 09.07.2014 vart registrert og godkjent i Brønnøysund .Styret har ønska å skape trivsel og samhold i grenda vår , og har vel på mange måter lykkes bra med det.
Jeg er leder for styret i Børrelia Vel. I styret sitter for tiden også Torun Rognes, Anne-Kirsti Hemsing, Patrick Dahl og Paul Kåre Sele
Fagforbundet Øvre Valdres er Vang, Vestre Slidre og Øystre Slidre slått sammen til en fagforening.
Fjellblom IL driv skiløyper og langrennsaktivitet kring Åsvang – i tillegg til ein del andre trivelege familieaktivitetar.
FK Vang er fotballklubben i Vang i Valdres. Det er lag frå knøtt opp til seniornivå. Kampar blir spelt på Tveit stadion, hovudsakleg på kunstgras, men klubben har også ei grasbane der ein kan halde treningar.
Førjulsmarknad med fokus på kvalitetshandverk og lokalmat frå Vang og nærområdet. Marknaden blir alltid arrangert siste helga før fyrste syndag i advent på Øye samfunnshus, Øyevegen 160, I år blir marknaden 23. og 24. november.
Besøkstjenesten har god kontakt med Vangsheimen og utetjenesta , for å prøve å finne ut kven som treng å få ei besøksvenn, me prøvar å fange opp dei som er heime ,ikkje reiser mykje ut,eller får besøk. Prøvar da og koble dei saman med ein besøksvenn , som kan legge litt sjølv opp når dei kan møtast og kor ofte. Me skal ikkje gjera noko som dei får hjelp med frå før. Mest prating , eventuelt lesing og andre småting.
Vi driver med frivillig hjelpearbeid, sanitetsvakter på idrettsarrangementer, har påskeberedskap, søk og redning med meir.
Me er Valdres einaste mannskor, øvingar Høre Samfunnshus måndager kl 1930-2130.
Vi har mange ulike aktivitetar. Mange av aktivitetane finn stad på Høre samfunnshus.
Innovangsjon SA jobber med bygdeutvikling etter visjonen ¨Vang byggjer Vang¨ og held til på Kontorfelleskapet 1724 i Vang sentrum.
Idrettslag i Øye. Allidrett, innebandy, sirkeltrening og revmatismebading.
Kvamskleivas Venner har til formål å restaurere og vedlikeholde Kongevegen mellom Søndrol og Neset i Vang kommune for derigjennom å legge til rette for et aktivt, allsidig og naturvennlig friluftsliv for lokalbefolkning og besøkende.
Kyrkja i Vang skal vere eit fellesskap for alle, i daglegliv og høgtid, sorg og glede.
Miljøpartiet er et politiskt parti som jobbar for klimahandling, ivaretaking av natur og solidaritet. MDG har eit lokallag i Vang og eit mandat i kommunestyret.
Norske Redningshunder, NRH, er en landsomfattende, frivillig, humanitær redningsorganisasjon. Organisasjonen utdanner hunder, hundeførere og ledere til bruk i redningstjenesten, og organiserer beredskap for disse ekvipasjene gjennom kontakt med hovedredningssentralene og lokale politimyndigheter.
Møteplass for alle med fokus på sy, reparasjon, gjenbruk, bytte, mat for ein 50-lapp
Vi møtest til sosialt samvær og turgåing i Drengestøga i Vang.
Innebandy i Vangshallen. For tiden ikke aktivitet.
Trearbeid og gamle handverkstradisjoner og sosialt samvær for pensjonister
Torsheim er eit fantastisk koseleg grendahus for dei fleste anledninger. Huset vart ferdigstilt i 1911 og ivaretek den gode stemningen uansett arrangement. Leigast ut til ulike tilstelningar. Ligg plassert midt i Vang sentrum. Torsheim grendehus har eigen Facebook side.
Utdanningsforbundet er den største fagforeininga for pedagogisk personale. Vi har medlemmar frå barnehage, grunnskule, vidaregåande, vaksenopplæring, PPT og i pensjonistanes rekker.
Vi er en forening drevet av og for mennesker med MS og deres pårørende. Vi ønsker både være til hygge og nytte for våre medlemmer.
Arbeiderpartiet sitt lokallag i Vang. For medlemmer i Vang Arbeiderparti. Alle er hjarteleg velkomne som medlemmer.
Vang bridgelag har spelekveldar på Lund arbeidsbase tysdagar kl. 19.00 - 23.00. Sesong: ca, 1. okt. til 1. mai. Pause i spelinga med kaffe/te og runstykker til ein billig penge. Rimeleg medlemskontingent, men loddsal som er frivillig. Flakslodd som premie til kveldens vinnarpar.Vi held kurs dersom interesse, ta kontakt med ein i klubben eller besøk oss for berre å sjå. Styret for året 2024: Leiar; Ottar Jægersborg. Kasserar Bergit Nordsveen. Styremedlem Haakon Wahlquist. Styremedlem Ivar Eltun
Eldrerådet består av 5 medlemer med 5 varamedlemer, + 2 medlemer med vara som er utnevnt av kommunestyret. Det er valg på nytt eldreråd kvart 4. år iforb. med kommunevalget. Eldrerådet er eitt rådgivande organ som skal ha til behandling alle saker som gjeld levekår for eldre i kommunen.
Biblioteket kan og skal vere så mangt, det er ein teneste og ein plass for alle som er i Vang. Ei viktig oppgåve for folkebiblioteka er å vere ein møteplass. Her er alle velkomne, og utover normal folkeskikk og bruk av innestemme, så krevst det ikkje mykje av deg når du er hjå oss. Du kan kome og skravle, lese aviser, låne bøker, bruke pc, skrive ut og skanne, få hjelp til forskjellig på internett, spele brettspel, eller berre nyte utsikten.
Frivilligsentralen skal stimulere til frivillig innsats, skape opne møteplassar for befolkninga, og vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor. Vår visjon: Saman skapar vi eit godt og inkluderande lokalsamfunn!
Vi er no ei gruppe på 12-15 dansarar. Vil gjerne få med fleire. Har fått med 2 nye i vår som ser ut til å trivast saman med oss. Du treng ikkje å ha med partner. Vi brukar raude og blå band og byttar ofte partner.
Laget vart stifta i 1988. " Vang husflidslag har som mål å halde husflidstradisjonane i hevd ved å ta vare på gamle teknikkar og arbeidsmåtar gjennom kurs og anna opplæring"
Vang idrettslag er antakeleg Vang sin eldste forening, vi ble stiftet i 1912. Idrettslaget har mange ulike aktiviteter, fordelt på grupper. Du må være medlem i Vang idrettslag for å delta på våre aktiviteter. Medlemskap hos oss er: Enkeltmedlemskap: 200kr Familiemedlemskap: 300kr Ta kontakt med kontaktperson for deltaking og medlemskap i idrettslaget.
Råd, bestående av representanter fra flere idrettslag/lokallag. Rådet innstiller blant annet kulturmidler til idretten i Vang.
Vi driver med skyting på onsdagen i rødalen Og gjennomføring av jægerkurs Hvis men ønsker støtte til kurs arrangement innen jakt og fiske er det bare å kontakte oss
I vår 12 meter høye vegg lover vi mestring for alle, uansett erfaring og nivå. Vårt mål er å tilby et lavterskeltibud som passer for alle. Alt du trenger av utstyr har vi og lån av utstyr er inkludert i medlemskapet. Det er automatiske sikringer i veggen, så du trenger ikke kunne sikre for å klatre hos oss. Vi setter jevnlig opp kursing, dersom du vil lære å sikre.
Dans, hardingfele, piano, song, gitar, teater med meir! Vil du vere med oss?
Vang mållag arbeider for å styrke det nynorske skriftspråket i kommunen vår.
Vang pensjonistlag er eit frivillig lag som er tilknytta Pensjonistforbundet. Gjennom året har vi medlemsmøter, julebord, ein 3 dagers tur og ein dagstur. Pensjonistlaget ønsker seg flere medlemmer, for " desto flere vi er står vi sterkere sammen "
Vang senterparti er eit politisk parti i Vang for alle aldrar, tufta på Senterpartiet sitt grunnsyn.
Barne- og ungdomskorps som tek i mot barn som ynskjer å halde fram med korps etter dei er ferdig med klassekorps (Korps i skulen). Vi ynskjer å gjere det lett å vere med i korpset, så dette skuleåret har vi øvingar måndagar rett etter skulen. Då øver vi, leikar litt og får litt mat. Dirigenten vår heiter Reidun Porten, og er både flink og snill. Vi har hatt juleturne i Vang sentrum, vi har delteke på arrangement saman med Fjellblom musikklag og vi har arrangert korpsseminar saman med dei andre barne- og ungdomskorpsa i Valdres. Vi prøver å få til ein tur for korpsmedlemmene i løpet av våren, og vi har m.a vore på Hunderfossen. Vi ynskjer oss veldig fleire medlemmer, så om du er nysgjerrig på korps er du velkommen til å besøke oss på øving. Ta gjerne kontakt med Reidun for å avtale tid.
Skytterlaget er stiftet i 1884. Vi har skytebane i Rødalen i Øye. Der foregår det skyting 1 til 2 ganger i uken, i tidsrommet mai til september. Vi har ca 145 aktive medlemmer, der de aller fleste er jaktskyttere.
Vang Turlag vart skipa av ivrige friluftsliventusiastar i Vang den 6. mars 2011, og er no eit lokallag under DNT Valdres. Vi ynskjer å få folk ut på tur og tilrettelegge og engasjere for naturopplevingar for fastbuande, hyttefolk og andre besøkjande i Vang.
Vang ungdomsråd består av 7 ungdomer fra alder 13-19 år. Vi jobber med saker som omgår ungdom og vårt oppvekstmiljø.
Foreningens formål er å bidra til utvikling av næringslivet i Vang ved å legge til rette for lokale tiltak og aktiviteter i kommunen, i tråd med det markedet etterspør og i samarbeid med Visit Valdres AS (VV).
Vang økologiske innkjøpslag kjøper økologiske varer frå Norganic.no
Kor for damer og menn i alle aldarar som er glade i å syngje sjølv og for andre.
Vinjerock er ein festival som held til på Eidsbugarden i Vang! Kvart år stiller 750 frivillige frå Vang og resten av landet opp for å gjere alle dei store og små oppgåvene som trengs for at festivalhjulet skal snurre! Vil du vere med i gjengen?
Øylo-Ryfossen Elvelag er ein samanslutning av grunneigarar langs Begna elv fra Øylo til Ryfossen. Føremålet for laget er å samle grunneigarar og dei som har rettigheitar i området, for saman å forvalte fiskeressursane på ein måte som skaper auka arbeids- og inntektsmoglegheiter og tryggjer naturverdiane.