FORENINGSPORTAL Vang i Valdres
Lørdag 22 Februar
kl. 12:00 - 13:00
Øvre Brekkebakkadn
Arr: Hemsingfestivalen

Konsert heime hjå Line og tor-Evert i Øvre Brekkebakkadn

Konsert heime hjå Line og tor-Evert i Øvre Brekkebakkadn

Velkomen til konsert på Øvre Brekkebakkadn. I låven har det budd dyr i mange år, og i nyare tid vart dette ein liten heim for nokre optimistiske innflyttarar til bygda. Den tyske cellisten Benedict Kloeckner er ein fantastisk musikar i verdsklasse som kjem og set tonar til eit rom med mange kjensler oppe på garden. Tor-Evert Grøndal les opp nokre tekststykke frå boka Småbruksdraumen. Velkomen til ein lun og personleg konsert på ein høgdegard i Valdres.

Det blir ein intim konsert med få plassar (30 stk).

Viktig tilleggsinformasjon: Konserten er der ingen skulle tru at nokon kunne bu, så du må ha ein avtale om parkering før du kjem. Det er få parkeringsplassar, så me oppmodar om samkøyring til konserten. Hugs tursko og varme klede. Det er ein vedomn for å halde oss varme, men det er golvkaldt.

Varigheit: 1 time

Welcome to the concert in the barn at Øvre Brekkebakkadn.  Where animals once dwelled, Line and Tor-Evert restored the entire farm and created an idyllic home. Benedict Kloeckner (cello) is an extraordinary musicians who, inspired by the pastoral setting, will take you on a memorable journey. Tor-Evert Grøndal will read passages from the book Småbruksdraumen, written by Line and Tor-Evert about their experience creating their dream.

Welcome to a warm and personal concert at a farm high up in the mountains in Valdres.

Lør 22.02.2025
12:00 - 13:00
konsert/teater/film/festival
Øvre Brekkebakkadn
Hemsingfestivalen
Del på