FORENINGSPORTAL Vang Foreningsportal
Tirsdag 6 Mai
kl. 11:00 - 15:00
Haukåsen
Arr: Vang husflidslag

Strikkekafé på Haukåsen

Sølvi Havro er primus motor for Vang husflidslag sin strikkekafé på Haukåsen kvar tysdag utanom skuleferiene. Hit kjem handarbeidsglade damer for triveleg prat og sosialt samvær. Dette er ein viktig samlingsplass i bygda og alle er hjarteleg velkomne! Eit fast prosjekt på Strikkekafeen er å produsere babytepper til nyfødte i Vang. To gonger i året samlast dei nyfødte med foreldre på Haukåsen, saman med damene, for utdeling av teppene. Strikkekafeen kan også ha andre prosjekt på gang, kom å sjekk ut! Strikkekafeen er også ein fin arena for språktrening og integrering. VELKOMEN til ei triveleg formiddags-stund!!

Tir 06.05.2025
11:00 - 15:00
sosialt/handarbeid/spel/kafé
Haukåsen
Vang husflidslag
Del på