FORENINGSPORTAL Vang Foreningsportal
Lørdag 26 April
kl. 10:00 - 14:00
Vang folkebibliotek
Arr: Vang frivilligsentral

Klesbyttedagen

Laurdag 26. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek. Bli med på ei miljøvenleg oppgradering av klesskåpet!

Biblioteket og frivilligsentralen har igjen fått med superfrivillig Kine Kvannefoss til å arrangere klesbyttedag. Dette har vore ein stor suksess i to år på rad, og vi reknar med det blir like moro i år! Husflidslaget stiller med fixestasjon, og NålØye er også med på laget.

Frå starten av påske 12. april t.o.m. 25. april tek vi imot pene og reine klesplagg - maks 7 plagg pr. person. I bytte får du kupongar som du kan bruke på klesbyttedagen til å handle med. Du kan levere klede på biblioteket eller Joker Ryfoss.

Gratis kupongar

Om du vil donere alle eller nokon av kupongane dine, så samlar vi dei i ein bolle, og deler ut til dei som ikkje har noko å bytte bort. Så velkomen også til deg som ikkje har levert klede, det er garantert kupongar til overs som du kan få til å handle med!

Dei førre åra har det vore veldig mykje flotte dameklede, men litt lite til herre og barn. Vi oppmodar difor spesielt karar og foreldre til å ta ein gjennomgang i klesskåpa sine og sjå om dei har noko fint å bytte bort.

Klesbyttedagen er eit konsept frå Naturvernforbundet. Visste du at klesindustrien står for meir av verda sine klimagassutslepp enn fly- og skipsfart til saman? Når vi byttar med kvarandre og bruker kleda lengre, reduserer vi utsleppa.

Lør 26.04.2025
10:00 - 14:00
sosialt/handarbeid/spel/kafé
Vang folkebibliotek
Vang frivilligsentral
Del på