FORENINGSPORTAL Vang Foreningsportal
Tirsdag 6 Mai
kl. 18:30 - 21:00
Åsvang
Arr: Vang husflidslag

Aktivitetskveld i husflidslaget

Kanskje du vil hekle deg ein 17.mai-rosett i kveld, eller berre ta med deg handarbeidet ditt til sosialt samvær!

Velkomen til lokala våre på Åsvang!
Ta med deg handarbeidet ditt og/eller kom for inspirasjon, råd og tips og sosialt samvær. Me har symaskiner og ein vev som «står oppe» med filleryerenning.

Iblandt har me eitt tema eller èin teknikk som du kan prøve deg på om du har lyst. I kveld kan du hekle deg ein 17.mai-rosett eller også prøve deg på oldemorlappar. Ta med deg heklenål, me har garn til 17.mai-rosetten og også noko garn til oldemor-rutene. Spørsmål, kontakt Kari 98857553

Tir 06.05.2025
18:30 - 21:00
sosialt/handarbeid/spel/kafé
Åsvang
Vang husflidslag
Del på