FORENINGSPORTAL Vang Foreningsportal
Mandag 28 April
kl. 19:00 - 21:00
Kommunehuset
Arr: Vang kommune

Di framtid - di helse

Alle som blir gamle i Vang kjem til å møte ny velferdsteknologi. Også du!

Det foregår ei stor utvikling av tenestetilbodet innan helse og omsorg. Velferdsteknologi gir mange nye moglegheiter, og alle som blir gamle i Vang framover vil møte eit tenestetilbod der digitale hjelpemiddel også er ein del av pakka. Difor inviterer Vang kommune til informasjonsmøter slik at både seniorar, komande seniorar og pårørande kan bli kjent med utviklinga som skjer innan helse og omsorg.

Måndag 28. april blir det to like informasjonsmøter, kl. 13-15 og kl. 19-21, i kommunestyresalen på kommunehuset. Alle interesserte er velkomne! På agendaen står følgjande punkt:

  • Elina Nesse og Svein Ove Blystad frå helse og omsorg viser stolt framden nyaste teknologien innan våretenester til innbyggjarane
  • Gode råd og tips frå Valdres brann og redningstjeneste IKS
  • Samarbeid med pårørande om å bu trygt heime; eit satsingsområde i framtida
  • Kva moglegheiter (støtte) finst i Noreg til tilpassing av bustad
  • Bli kjent med mogelege digitale løysingar i heimen

Kaffi og kake. Vel møtt! Helsing Arbeidsgruppa Levande Lokalsamfunn

Man 28.04.2025
19:00 - 21:00
kurs/foredrag/møter/litteratur
Kommunehuset
Vang kommune
Del på