
I Krøsshaugens fotefar; Gamle Kvam
I år er det 240 år sidan spelemannen Lars M. Krøsshaug (1785-1830) vart født og i juni pakkar Sivert Holmen fele og telt i sekken og legg ut på ein vandreturné i fotefara hans. Fredag 13. juni 18.00 blir det konsert på Gamle Kvam i Vang i Valdres, og sundag kl 20 i St.Thomaskyrkja.Fredag 13. juni blir det konsert på Gamle Kvam i Vang i Valdres. Konserten er 18.00, det er mogleg å bli med på vandring med lokal turguide Nils Rogn langs kongevegen frå Hemsing bru til Gamle Kvam, oppmøte 16.00 ved Hemsing bru. Servering og konsert i det historiske tunet på Gamle Kvam.
Gjesteartist på konserten er Sigrid Stubsveen (f.1993)
Sigrid er felespeler frå Engerdal som har jobba iherdig for å løfte fram den lokale tradisjonsmusikken frå Engerdal, som i stor grad var gått tapt til Sigrid kom på banen. Starta og er festivalsjef for sin eigen folkemusikk og friluftsfestival i Engerdal, Heme dine. Master frå Norges musikkhøgskole.
Facebookevent: I Krøsshaugens fotefar: Gamle Kvam | Facebook
Meir om prosjektet:
I år er det 240 år sidan spelemannen Lars M. Krøsshaug (1785-1830) vart født og i juni pakkar Sivert Holmen fele og telt i sekken og legg ut på ein vandreturné i fotefara hans. Krøsshaugen var heilt sentral i utviklinga av den særeigne musikken lydarlæte, lyttemusikk, i ei tid kor hardingfelespelet elles berre var i bruk til dans eller seremoni. Gjennom sju dagar går Sivert dei 110 km frå Kvamskleiva i Vang i Valdres langs Kongevegen over Filefjell og til Lærdalsøyri. Turen blir fylt med felelæte og livsfilosofering. Undervegs vil det også dukke opp forskjellige gjesteartistar. Kva kan vi lære av spelemennene som levde, reiste og jobba for to hundre år sidan? Korleis vil vi leve liva våre? Kva kan vi lytte oss fram til på vandring?
Prosjektet er støtta av Norsk kulturfond, kulturrådet og Fond for utøvende kunstnere.
Det blir også konsert i St.Thomaskyrkja sundag 15. juni: I Krøsshaugens fotefar: St. Thomaskyrkja | Facebook