
Søndag
15
Juni
kl. 20:00 - 21:00
St. Tomas kyrkja
Arr: Kyrkja i Vang
I krøsshaugens fotefar - St. Tomas kyrkja
Sundag 15. juni 20.00 blir det konsert i St. Thomaskyrkja på Filefjell. Lars M. Krøsshaug er opphavmannen til St.Thomasklukkelåtten for hardingfele og opplevde sjølv rivinga av den historiske stavkyrkja. Konserten vil bestå av låttar etter Krøsshaugen og improvisasjonar inspirert av vandringa frå Øye til Kyrkjestølane.
Gjestartist: Silje Risdal Liahagen.
Silje Risdal Lihagen er vokalist og dansar, med i den kritikarroste vokaltrioen Hekate, Kvedarkvintetten og dansekompaniet Mamelukk. Ho har vore dagleg leiar i Folkemusikkveka, men er no endeleg, til manges glede, fulltidsmusikar med spenn frå impro til musikal. Utdanna ved Bårdar akademiet.
Facebookevent: I Krøsshaugens fotefar: St. Thomaskyrkja
Meir om prosjektet:
I år er det 240 år sidan spelemannen Lars M. Krøsshaug (1785-1830) vart født og i juni pakkar Sivert Holmen fele og telt i sekken og legg ut på ein vandreturné i fotefara hans. Krøsshaugen var heilt sentral i utviklinga av den særeigne musikken lydarlæte, lyttemusikk, i ei tid kor hardingfelespelet elles berre var i bruk til dans eller seremoni. Gjennom sju dagar går Sivert dei 110 km frå Kvamskleiva i Vang i Valdres langs Kongevegen over Filefjell og til Lærdalsøyri. Turen blir fylt med felelæte og livsfilosofering. Undervegs vil det også dukke opp forskjellige gjesteartistar. Kva kan vi lære av spelemennene som levde, reiste og jobbafor to hundreår sidan? Korleis vil vi leve liva våre? Kva kan vi lytte oss fram til på vandring
Prosjektet er støtta av Norsk kulturfond, kulturrådet og Fond for utøvende kunstnere.