FORENINGSPORTAL Vang Foreningsportal
Mandag 27 Oktober
kl. 19:30 - 21:00
Vang Folkebibliotek
Arr: Bygdeliv AS

Kva i alle dagar er eit Klyngetun!?

Eit føredrag om prosjektet, og eit folkemøte der vi tek ein prat over ein kaffikopp i etterkant og utvekslar tankar og idear. Bygdeliv ønskjer at dette vert etablert i kommunen, men treng tilbakemeldingar på prosjektet – og ikkje minst: kvar i Vang bør vi etablere eit klyngetun?

Kan vi tenkje annleis for å skape meir busetnad i Vang? Vi skal sjå på nokre tankar og moglege løysingar for auka busetnad i Vang, og korleis dette prosjektet kan lokke fleire helsepersonell og anna kvalifisert arbeidskraft til Vang og andre distriktskommunar. Tor-Evert fortel om bakgrunnen for prosjektet, og kvifor Bygdeliv ønskjer at politikarane i Vang tek ein nærare titt på denne ideen.

Man 27.10.2025
19:30 - 21:00
kurs/foredrag/møter/litteratur
Vang Folkebibliotek
Bygdeliv AS
Del på