FORENINGSPORTAL Vang Foreningsportal
Mandag 15 Juni
kl. 18:30 - 21:00
Vangshallen

Foredrag med Fenriken

Fenriken frå Kompani Lauritzen, Geir Aker, kjem til Vangshallen for å halde foredrag om disiplin, meistring og det å stå støtt i livet.

Korleis kan vi hjelpe ungdom og unge vaksne til å bli trygge, robuste og sjølvstendige menneske i ei tid med høgt tempo og mange krav? Kva betyr eigentleg disiplin, og korleis kan den vere eit verktøy for meistring, utvikling og fridom i kvardagen?
Med bakgrunn frå Forsvaret og lang erfaring med leiing og menneskeleg utvikling deler Geir Aker erfaringar og refleksjonar om ansvar, motstandskraft og det å stå i eige liv – også når det er krevjande.
Foredraget er ope for alle interesserte og passar for både ungdom, foreldre og andre vaksne som er opptekne av meistring, utvikling og livsdugleik.

Påmelding via Futurizingvang.no


Inngang kr 200,-
Gratis for ungdom opp til 18 år og for lærlingar
Betaling i døra


Dørene opnar 18.00, møt opp i god tid før start.

Velkomen til ein inspirerande og viktig kveld!

Man 15.06.2026
18:30 - 21:00
kurs/foredrag/møter/litteratur
Vangshallen
Del på