FORENINGSPORTAL Vang Foreningsportal
Søndag 31 Mai
kl. 11:00 - 17:00
Kulturstøga & Øye kyrkje
Arr: Kyrkja i Vang

Tårnagent-samling for 8-åringar

Tårnagent-samling for 8-åringar. Vel møtt til ei sosial samling med hyggelege aktivteter og mat. Det blir mellom anna ein tur opp i kyrkjetårnet i Øye kyrkje.

TÅRNAGENT-SAMLING I ØYE 😀

Hei du som er 8 år, eller blir det i år.

DU er hjarteleg velkomen til tårnagent-samling sundag 31.mai i Kulturstøga i Øye.

Me møtast kl. 11:00 i Kulturstøga og avslutter med gudsteneste i Øye kyrkje kl. 16.00.

Her skal me ha mange kjekke aktivitetar, eta samen og ha det fint i lag. Me skal mellom anna gå gjennom det me skal lesa/gjere i kyrkja, ta ein titt i kyrkjetårnet og me skal øva på korleis me går inn i kyrkja når gudstenesta startar. 

• Gje beskjed om eventuelle allergiar/medisinar.

• Sei frå om det er greitt med fotografering. Bileta vil bli brukt i menighetsbladet.

• Ta med ALLE du kjenner i gudstenesta.

Meld deg på ved å sende ein epost til kyrkjelydsarbeidar Anne Mette innen onsdag 27.mai!

Anne Mette har følgjande epost: AT343@kirken.no

NB! Har du fått invitasjon i posten med program også på laurdag 30. mai? Dette er flytta til sundag 31. mai. 

Beste helsing

Kyrkjelydsarbeidar Anne Mette Thoresen

Søn 31.05.2026
11:00 - 17:00
sosialt/handarbeid/spel/kafé
Kulturstøga & Øye kyrkje
Tyin/Filefjell/Øye
Kyrkja i Vang
Del på