FORENINGSPORTAL Vang Foreningsportal
Mandag 22 Juni
kl. 19:00 - 21:00
Vang folkebibliotek
Arr: Vang frivilligsentral

Velkomsttreff

Er du ny i Vang? Eller kanskje du føler deg ny sjølv om du har vore her ei stund? Kanskje har du rett og slett lyst til å møte andre som bur i Vang?

Måndag 22. juni kl. 19 inviterer bulystteamet og Frivilligsentralen til Velkomsttreff på Vang folkebibliotek! Her vil du få informasjon om kva som skjer i Vang, og svar på spørsmål du måtte ha. Kanskje møter du ein Vangsvert eller to?

Velkomsttreff er ein lågterskel møteplass som vi planlegg å arrangere på jamleg basis. Dette er det andre treffet, så vi er spente på å sjå om det kjem like mange som forrige gong. Vi serverer kaffi og kringle, og gler oss til å møte nye vangsgjeldingar! 

Vi ønskjer påmelding seinast torsdag 18. juni til frivilligsentralen@vang.kommune.no // 46 81 64 73

Kjenner du nokon andre som er nye i Vang? Tips dei gjerne!!

Man 22.06.2026
19:00 - 21:00
sosialt/handarbeid/spel/kafé
Vang folkebibliotek
Vang frivilligsentral
Del på