Skummeltur til Laglim med Barnas Turlag Vang
Barnas Turlag i Vang inviterer små og store til ein koseleg, og kanskje litt skummel, tur ned til Laglim!Her blir det grilling, sosialt samvær og god stemning ved vatnet – og kanskje dukkar det opp nokre mystiske skikkelsar mellom trestammane og tuvene i skogen…
Vi parkerer ved nedkøyringa til badeplassen frå Liagardsvegen og går samla ned grusvegen, ca. 500 meter.
Barnas Turlag fyrer opp grillen kl. 17. Alle tar med eigen mat og drikke til seg sjølv.
Kle deg gjerne ut til Halloween om du vil, men det er sjølvsagt heilt frivillig. Her er alt lov – anten du kjem som heks, monster, spøkelse eller heilt vanleg turgåar!
Arrangementet er ope for alle, ta gjerne med vener og bli med! Vi gler oss til ein skummel, koseleg og sosial ettermiddag ved Laglim – håpar vi sjåast.
Hugs hovudlykt til både store og små, sidan det blir mørkt utover kvelden. Føresette må vere med og ha ansvar for barna ved vatnet.